søndag 6. desember 2009

Kommentar til “Eksempeloppgave E”

Jeg følger opp og lar meg inspirere av Leifs “Kommentar til Eksempeloppgave A” og publiserer her mine kommentarer til oppgavene i “Eksempeloppgave E”. Våre elever fikk dem som en todelt variant av tentamen der de først har skrevet sine førsteutkast i en firetimers økt på skolen, vi samler inn og gir tilbakemelding fremovermelding uten karakter, og de får nye tre timer til å bearbeide tekstene sine før endelig vurdering gjøres. Det gjenstår å se om dette vil gi økt læringsutbytte. Kommentarene er på nynorsk fordi dette er sidemåloppgaver for mine elever. Disse kommentarene er ment å være en hjelp på veien, og ikke utdypende svar på alt oppgaven skal inneholde. Da blir det jo ikke mye arbeid igjen til elevene mine når tekstene skal ferdigstilles, og heller ikke noe grunnlag for å gi topp måloppnåelse til noen. I tillegg til disse kommentarene vil jeg gi dem et kriteriebasert skjema som antyder nivå av måloppnåelse, takk til Inger Hilde for deling. Det samme skjemaet vil de også få ved 2. gangs retting, sammen med en gjennomgang av teksten i Markin. Da håper jeg at jeg kan gule ut på høyere nivå av måloppnåelse mange steder. Det blir også første gang jeg bare vurderer i hele karakterer. Dersom andre kolleger ser at de kan ha nytte av dette er det fritt fram.

Del A, kortsvarsoppgåve:

I denne oppgåva skal du skildre tilhøvet mellom ein mann og bilen hans i novella “Blå amason” av Gro Dahle. Oppgåva presiserer at det er verkemidla du skal drøfte. Det er viktig å ikkje bruke meir enn 250 ord på svaret. Hugs at du ikkje må omsetje teksten til nynorsk om du siterer frå novella. Bruk sidetall og linjenummer som referanse ved sitat, og plassér dei i parentes bak sitatet. 

Introduser teksten. Sentrale verkemiddel i novella til Gro Dahle er mellom anna gjentakingar, symbol og metaforar. Finn nokre eksempel og forklar kva du meiner dei tyder. Språket er også viktig her: Forfattaren nyttar korte setningar, ufullstendige setningar osv. Kva konsekvensar får dette for di forståing av tekstens innhald? Hald fokuset på verkemidla og forklar dei så konkret som mogeleg. Oppgje kjelder.

Undervegsvurdering av kortsvarsoppgåva di (form, innhald, språk):

Del B, langsvarsoppgåver:

Oppgåve 1, novelleskriving:
Her skal du skrive ei novelle der synsvinkelen ligg hos ei av jentene i novella. Du kan sjølv velje kva for ei av dei det skal vere. Oppgåva er svært fri med unntak av kravet om synsvinkel. Det vil likevel vere ei god ide å ta utgangspunkt i handlinga i Gro Dahle si novelle og så spinne vidare på ho.

For å lukkast med å skrive ei god novelle er det sannsynlegvis ein føresetnad at du har lese mykje litteratur sjølv. Dersom du ikkje les kva andre skriv og reflekterer over det vil det vere svært vanskeleg å skrive godt sjølv. Då manglar du erfaring med kva det vil seie å skrive ei god novelle. Den vanlegaste feilen i elevnoveller er at alt står forklart rett fram i teksten. Då er det er ikkje ei novelle, men ei forteljing. Ei god novelle inneheld “undertekst”, eit tolkingsrom for lesaren. Ut over det kan ei novelle ha mange former. Bruk for eksempel verkemiddel som in medias res, sirkelkomposisjon, gjentakingar, metaforar eller liknande. Det er ikkje eit absolutt krav at det kjem ei overraskande slutt, men dersom det passar er det fint å få det til. Det er positivt å eksperimentere med språket, men det må vere korrekt sjølv om du kan bruke til dømes setningsemne og innslag av munnleg språk. Du kan godt nytte dialekt til replikkar.

Undervegsvurdering av novella di (komposisjon, språk og innhald):

Oppgåve 2, kåseri om menn og bilar:
Her er utfordringa å skrive eit kåseri om menn og bilar. Det vil vere mange ulike måtar å løyse denne oppgåva på. Det er ikkje knytta tekstar til denne oppgåva, men du kan få nokre idear til moment ved å lese vedlegg to, “Om ballar og bilar”. Har du lese mange gode kåseri, så veit du meir om kva det er. Eit godt kåseri inneheld som regel ulike verkemiddel som får fram humor, då kåseriet si framste oppgåve er å underhalde. Humor kan vere høglytt eller lågmælt, og det er ikkje alltid at kraftige overdrivingar er det beste. God bruk av ironi er ofte lurt i kåserande tekster, men sjå til at det ikkje bikkar over i støytande eller krenkjande vendingar. Den raude tråden må vere tydeleg knytt til temaet, viss ikkje kan du risikere å stryke på oppgåva sjølv om resten er riktig utført.

Forå lukkast godt med å skrive kåseri er det naudsynt med eit leikande, lett og elegant språk. Du må skrive korrekt sjølv om ein antageleg vil kunne godta nokre fleire feil i sidemål enn i hovedmål. Det er lov til å bruke ufullstendige setningar, utropsteikn og andre meir munnlege verkemiddel. Du kan også henvende deg til lesaren ved å bruke “du”. Komposisjonen bør ha ei naturlig utvikling frå ein god/morosam introduksjon til temaet i innleiinga, ei fin utdjupning av dette i hoveddelen gjennom fleire ulike eksempel/poeng og ei knakande god avslutning. Det er lurt å spare det beste poenget til slutt til dette formålet. Oppgje kjelder.

Undervegsvurdering av kåseriet ditt (komposisjon, språk og innhald):

Oppgåve 3, essay om kva ting har å seie for identitet og status i vår tid:
Det skal mykje til for å skrive eit godt essay. God trening får du gjennom å lese andre sine essay, og ved å øve deg på å skrive leikande, overraskande og eksperimenterande sjølv, til dømes på bloggen din. Det er neppe mogeleg å lese seg opp på kreative sjangrar og bli svært god til å skrive slik på berre nokre månader. Her må det gjerne lang og medviten praksis til.

Utgangspunktet for oppgåva er tilhøvet mellom mannen og bilen i den vedlagte novella. Det kan derfor vere opplagt å byrje essayet med nokre linjer om den vedlagte teksten og denne spesielle relasjonen. Refleksjonane du gjer deg vil kunne bli eit springbrett ut i andre tankar om kva som særmerkjer tilhøvet mellom moderne menneske, status og ting. Eit godt essay “vandrar i språket”. Det vil seie at det må veksle mellom det nære og det fjerne, og det vil ofte vere bra å trekkje inn andre sine synspunkt også i ei slik tekst. Gode sitat frå litteratur eller vitskap bør nyttast der det passar. Temaet her er knytt til identitet, og det er viktig at du har ei god forståing av kva det er. Temaet må vere tydeleg gjennom heile teksten. Språket må vere korrekt og elegant, og du kan med fordel nytte ulike verkemiddel som allusjonar, samanlikningar, retoriske spørsmål osv. Tekstkomposisjonen må vere godt gjenommarbeidd, lag gode overgangar mellom avsnitta. Slutten er svært viktig. Her skal du samle trådane og knytte an til temaet du lanserte i innleiinga. Oppgje alle kjelder.

Undervegsvurdering av essayet ditt (komposisjon, språk, innhald):

Oppgåve 4, artikkel om ikkje-verbal kommunikasjon:

Denne oppgåva ber deg ta utgangspunkt i den vedlagte novella til Gro Dahle. Då er det viktig at du gjer akkurat det. I innleiinga bør du definere kva du meiner omgrepet “ikkje-verbal kommunikasjon” dekkjer. Temaet for artikkelen er altså ikkje-verbal kommunikasjon, og du bør byrje med ei drøfting av kva alt det usagte i novella kan tyde, og deretter nemne fleire eksempel frå novella. Bruk gjerne sitat og/eller parafrase frå novella for å styrke eigne påstandar. Så kan du gå over til å drøfte ulike sider ved denne typen kommunikasjon. Kva du då ønskjer å leggje vekt på er opp til deg. Kom gjerne med eksempel frå andre tekster, situasjoner, filmar osv, men pass deg for å la eigne personlege erfaringar dominere teksten. Dette er ein saktekst der du bør nyansere og sjå på temaet frå fleire vinklar. Skriv ei oppsummering eller konklusjon til slutt.

Ein artikkel er ein saktekst som ikkje skal vere personleg, så unngå å henvende deg direkte til lesaren, og bruk eit nøytralt, korrekt språk. Munnlege uttrykk, bannskap og andre former for munnleg språkbruk er naturlegvis ikkje tillate her. Samanlikningar, retoriske spørsmål og andre språklege verkemiddel kan du derimot gjerne nytte. God tekstbinding er viktig: “Som nevnt over…” “For det første, for det andre…”. Ikkje ha for mange korte avsnitt etter kvarandre, og prøv å få god flyt i teksten. Oppgje kjelder.

Undervegsvurdering av artikkelen din (komposisjon, språk, innhald):

Oppgåve 5, tekstanalyse:
I denne oppgåva skal du gjere greie for hovudsynspunkta i teksten “Om ballar og bilar”, og deretter kommentere nokre av dei. Dette er ikkje ein typisk språkbruksanalyse, du treng ikkje å gjere greie for dei ulike verkemidla i teksten, men du må vise at du er ein observant lesar ved å gjere klart kva han handlar om. Dersom nokre av synspunkta kan tolkast på fleire måtar er det berre bra om du poengterer det. Uansett korleis du gjer dette bør du grunngje påstandane dine ved å bruke eksempel og sitat frå teksten. Når du går over til å kommentere påstandane bør du halde fram med å grunngje påstandane dine, og det vil alltid vere ein fordel å vere nyansert her. Unngå “synsing” og altfor mange referansar til dine eigne heilt private erfaringar. Peik heller på generelle tendensar i samfunnet.

Teksten din bør ha form som ein vanleg analyse der du først introduserer teksten du skal meine noko om (tittel, forfattar, tid og stad for utgjevnaden om du veit det). Deretter går du over til sjølve analysedelen. Prøv å få god samanhang og flyt i teksten. I avslutninga kan du eventuelt konkludere med om du er einig med forfattaren eller ikkje.

Undervegsvurdering av tekstanalysen din (komposisjon, språk, innhald):

Foto: CC-lisensiert av shutterflood på flickr

1 kommentar:

Leif sa...

Skrev forøvrig noen linjer om "blå amason" sist jeg brukte den med elever: http://1std0708.blogspot.com/2008/05/kortsvarsoppgve-bl-amason.html

Legg inn en kommentar

Jeg har flyttet, så kommentarer på denne bloggen blir ikke lenger fulgt opp. Du finner meg på http://ingunnkjolwiig.no